Heimkommunen din
I denne oppgåva skal du utforske dei lokale styringsorgana der du bur, nærmare bestemt heimkommunen din. Her skal du finne ut kva som rører seg i kommunen din, kven som styrer og vurdere om noko kan endrast eller forbetrast.
Oppgåver
1. Korleis har kommunen din valt å organisere seg, etter formannskapsmodellen eller som kommuneråd/byråd?
2. Finn ut kva parti som sit i dei utøvande organa i di heimkommune.
3. Kva saker er det som er viktige eller har skapt lokalpolitiske debatt i kommunen?
4. Diskuter med ein medelev: er det saker som bør bli satt på dagsorden i kommunen de bur i og korleis kan de sjølve vere med å påverke dette?
5. Får kommunereforma konsekvensar for kommunen din? I tilfelle, korleis vil du skildre prosessen bak samanslåinga?
6. Avslutt med å skrive eit fiktivt innlegg i lokalavisa di der du argumenterer for at det er viktig å behalde og forsterke det lokale sjølvstyret.