Hopp til hovedinnhold
Politikk og makt

Var invasjonen i Irak i 2003 eit vendepunkt for USA?

George W. Bush på talerstolen i FN: UN Photo/Paulo Filgueiras

 

 

 

 

 

 

 

 

Start med å lese Forum-sidene i læreboka, s. 229-232 og etterpå dei vedlagte lenkjene. Her vil du finne at angrepet på USA den 11. september blir omtalt som eit vendepunkt for USAs posisjon på den internasjonale arena. Det er likevel invasjonen av Irak i 2003 som i eit folkerettsleg perspektiv har fått mest merksemd.

Med desse oppgåvene skal du forsøke å forklare årsakene til den amerikanske invasjonen av Irak og konsekvensane det har fått for USA.  

Oppgåver 

 1. Korleis grunngir den dåverande amerikanske presidenten, George W. Bush jr., invasjonen av Irak?

2. Kva andre motiv kan USA ha hatt for å invadere Irak, i følgje Sverre Lodgaard frå Nupi?

3. I følgje læreboka (s. 235-236) har statar primært fire utanrikspolitiske mål: Sikkerheit, økonomi og velferd, prestisje og respekt og til slutt idealpolitikk. Ta utgangspunkt i desse måla og bruk dei til å forklare invasjonen av Irak.

3. Kvifor kan invasjonen oppfattast som eit brot på folkeretten?

4. Korleis reagerte andre internasjonale aktørar på den amerikanske utanrikspolitikken?

5. Drøft påstanden: Invasjonen av Irak viste USAs makt og maktressursar, men har bidrege til å svekke og endre den amerikanske posisjonen i verda.