Reform av FN
Korleis er FN organisert? Kan eller bør FN endrast for å vere ein effektiv konfliktløyser?
Oppgåver
- I januar 2017 vart António Guterres utnemnd til generalsekretær i FN. Kva er generalsekretærens oppgåver?
- Gutteres har tatt til orde for å reformere FN. Forklar kort kva han meiner bør endrast.
- Noreg har saman med 26 andre medlemsland (ACT, «ansvarlighet, sammenheng og transparens») fremja forslag om å avgrense vetoretten. Kva er bakgrunnen for forslaget?
- Kva trur du kan forhindre ei endring av vetoretten?
- FNs menneskerettsråd vart oppretta i 2006 for å styrkje menneskerettane. Start med å finne ut korleis Menneskerettsrådet arbeidar. Vurder deretter fordelane og ulempene med at land som sjølv er kjende for å bryte menneskerettane, t.d. Saudi Arabia og Kina, har vore med i rådet.
- Skriv eit lesarinnlegg der du argumenterer for at FN må reformerast for å bevare sin relevans.