Illiberale demokrati og EU
Les artikkelen "Sju steg på vegen mot eit illiberalt demokrati" i lenka under. Her skriv Jørn Øyrehagen Sunde, professor ved det juridiske fakultet ved Universitet i Bergen, om korleis Ungarn og Polen har utvikla seg i retning eit autoritært styresett. Både Polen og Ungarn er medlemmar av EU, og du skal forsøke å vise korleis dette bryt med krav EU stiller til medlemsland og vurdere korleis dette påverkar EUs arbeid.
Spørsmål
- Kva er eit illiberalt demokrati?
- Artikkelforfattaren hevdar at ein gjennom sju steg kan gjere eit liberalt demokrati om til eit illiberalt demokrati. Skriv ei kort, men sjølvstendig oppsummering av innhaldet i artikkelen.
- Gjer eit kjapt søk på verdsveven med søkeordet Københavnkriteriene. Korleis bryt utviklinga i Ungarn og Polen med EUs kriteria?
- Korleis kan utviklinga du leste om i artikkelen påverke EU?
- Avslutt med å diskutere i par eller grupper: korleis EU kan fremje demokratiet og menneskeretten?