Hopp til hovedinnhold
Politikk og makt

Tøyenløftet

Tøyen

Dei seinaste åra har barnefattigdommen i Noreg auka. Dette fører igjen til meir ungdomskriminalitet. På Tøyen, som ligg i indre Oslo aust, vedtok politikarane eit områdeløfte – Tøyenløftet – for å betre levevilkåra for bebuarane. Det vart avsett 241 millionar kroner til formålet. Les kapittel 1 i boka, sjå Brennpunkt-dokumentaren og svar på spørsmåla nedanfor.

Oppgaver 

  1. Korleis definerer Politikk og makt omgrepet politikk?
  2. Kva er offentleg politikk, og korleis illustrerer Brennpunkt-dokumentaren dette?
  3. Kva politiske aktørar ser du i Brennpunkts skildring av Tøyenløftet?
  4. I dokumentaren uttalar både ungdom frå Tøyen, frivillige og politikarar seg om Tøyenløftet. Gjer greie for dei ulike synspunkta.
  5. Dokumentaren blir avslutta med at barne – og ungdomsarbeidar Mohammad Fariss seier: ”Tøyenløftet generelt… De pengene som har kommet dit… Det er en kake som har kommet til folk som har kake fra før”. Diskuter denne påstanden.