Hopp til hovedinnhold
Politikk og makt

Makt og maktressurser: USA mot Iran

To sjakkbrikker, en i fargene til det amerikanske flagget og en i fargene til det iranske flagget Rawf8/iStock/Getty Images Plus

I om lag 65 år har USA og Iran hatt eit vanskeleg forhold. NRK har laga ei tidslinje over sentrale hendingar som har påverka forholdet mellom partane: https://www.nrk.no/tidslinje-over-forholdet-mellom-iran-og-usa-1.14096538. Den seinaste tida har president Trump uttala at han vil nytte alle middel for forhindre at Iran utviklar atomvåpen og har innført sanksjonar som vart oppheva av tidlegare president Barack Obama. Det den amerikanske presidenten her nyttar er makt.

 

I denne oppgåva skal de bruke læreboka, Politikk og makt, til å undersøke kva makt og maktressursar er, samt kva makt dei to partane har i forholdet til kvarandre.

 

Ynskjer du å ytterlegare fordjupe deg i emnet kan du lese den norske statsvitaren Sverre Lodgaards artikkel i tidskriftet Babylonnorsk tidskrift for Midtøstenstudier: https://www.journals.uio.no/index.php/babylon/article/view/4156.

 

Oppgåver

 

1. Gå over tidslinja som NRK presenterer. Peik på vesentlege hendingar som har ført til den spente situasjonen mellom USA og Iran som vi ser i dag. Bruk eventuelt andre kjelder til å skaffe deg den naudsynte informasjonen du treng.

2. Makt blir i Politikk og makt definert på ulike vis. Gå til side 25 i læreboka og finn ut kva  statsvitaren Robert A. Dahl og sosiologen Steven Lukes meiner makt er.

3. Bruk definisjonane til Robert A. Dahl og Steven Lukes av makt til å vise kva USA og Iran ynskjer å oppnå i konflikten.

4. I følgje læreboka har makta tre dimensjonar; makt i opne konfliktar, usynleg makt over dagsorden og makt over tenkjemåtar. Kva for dimensjonar ser du igjen i konflikten mellom USA og Iran?

5. Maktressursar blir i læreboka omtalt som kjelder til makt. Gjer ei vurdering av kva maktressursar USA og Iran har, før du vurderer korleis dette vil påverke situasjonen partane i mellom.