Hopp til hovedinnhold
Politikk og makt

Makt og styring i demokratiske statar

Den franske presidenten, en ung mann i dress, smiler. Han står foran en mørk bil. NTB Scanpix

Gå saman i grupper på fire elevar. Les kapittel 10 om ”Makt og styring i demokratiske statar” s. 152-162 i Politikk og makt. 

Oppgåver 

  1. Start med å forklare desse omgrepa til kvarandre:
  • Fleirtalsval i einmannskretsar
  • Forholdstalsval i fleirmannskretsar
  • Oppløysingsrett
  • Parlamentarisme
  • Maktfordeling
  • Partisystem

 

  1. Del gruppa i fire – Frankrike, USA, Storbritannia og Noreg. Kvar elev fordjupar seg i eitt av desse styringssystema og finn fordelar og ulemper ved det.  Finn ev. fleire kjelder enn læreboka.
  2. Gå saman i gruppa igjen. Legg fram fordelane og ulempene de fann for det enkelte styringssystemet. Bruk gjerne tekstboksen på s. 155 i Politikk og Makt.
  3. Til slutt skal de samanlikne dei ulike demokratiske styringssystema. Ranger styringssystema frå 1-4 ved å ta stilling til følgjande problemstilling: Kva styringssystem er mest demokratisk? Grunngi rangeringa.