Hopp til hovedinnhold
Politikk og makt

Regjeringspartia og meiningsmålingane

Foto: Torbjørn Kjosvold/Forsvaret Foto: Torbjørn Kjosvold/Forsvaret Foto: Torbjørn Kjosvold/Forsvaret

På meiningsmålingar under valkampen har Senterpartiet og MDG hatt rekordhøg oppslutning. Dei same meiningsmålingane har vist at dei fire regjeringspartia  – H, FRP, V og KRF – har langt mindre tillit i 2019 enn dei hadde ved stortingsvalet i 2017. Målsetnaden med denne oppgåva er å finne moglege årsaker til denne utviklinga. For å kunne svare på oppgåva er det naudsynt å lese kapittel 7  i Politikk og makt om arbeidet i regjeringa.

Oppgåver

 

  1. Bruk boka og skriv ei kortfatta oppsummering om kva som er regjeringas funksjonar og korleis arbeidet i regjeringa føregår.
  1. På side 115 i læreboka blir fire moglege regjeringstypar skissert. Forklar kva slags regjeringstype vi har i dag. Kan dette vere med på å forklare nedgangen til regjeringspartia på meiningsmålingane?
  1. Sentrumspartia, Senterpartiet (SP), Venstre (V) og Kristeleg Folkeparti, får svært ulik oppslutning på målingane. Regjeringspartia V og KRF går tilbake og har vore under sperregrensa, medan SP fossar fram på målingane. Kva er fordelane med å sitje i opposisjon versus i posisjon (regjering)?
  1. På side 118-119 skildrar læreboka ein pressa kvardag for statsrådane. Fem punkt blir trekt fram: Indre kamp, mellom forvalting og Stortinget, mediepress, lite handlingsrom og regjeringsslitasje. I kva grad kan desse faktorane vere med å forklare at dei fire regjeringspartia får lav oppslutning på dei seinaste meiningsmålingane?
  1. Dersom resultatet ved stortingsvalet i 2021 vil bli som meiningsmålingane viser no, kva regjeringstypar og regjeringsalternativ trur du vi kan få?