Hopp til hovedinnhold
Politikk og makt

Arbeiderpartiet og veljarar på vandring

En bukett røde roser i en hånd som ser ut til å tilhøre en eldre kvinne. NTB Scanpix

I kommune – og fylkestingvalet i 2015 vart Arbeiderpartiet (AP) blant valets store vinnarar, med ei oppslutning på 33,0 prosent. Men på meiningsmålingar i 2019 har partiet fått låg oppslutning. Klassekampen har snakka med 90 AP-ordførarar for å forsøke å forklare kvifor partiet får så låg oppslutning (sjå vedlegg). Les artikkelen og bruk læreboka Politikk og Makt (kapittel 5) mens du jobbar med oppgåvene.

Oppgåver

 

  1. Når statsvitarar forskar på valåtferd forsøker dei mellom anna å finne ut kven som stemmer på kva parti og kvifor, samt kvifor oppslutninga endrar seg frå val til val. Kva meinast med at norske veljarar er på vandring (s. 77-78)?
  2. Kva kjenneteiknar den norske valforskinga i etterkrigstida (s. 78-79)?
  3. Dagens valforskarar tek ofte utgangspunkt i tre faktorar når dei skal forklare veljaranes partival: sosial bakgrunn, politiske skiljelinjer og saker i valkampen. Gjer greie for desse innhaldet i desse faktorane.
  4. Kva er hovudårsakene til at Ap gjer det dårleg på meiningsmålingane, i følgje ordførarane Klassekampen har snakka med?
  5. Bruk svara dine frå oppgåve 3 og 4 i ein tekst der du drøftar moglege forklaringar på den dårlege oppslutninga Arbeiderpartiet har hatt på meiningsmålingane. Bruk gjerne dømer frå årets valkamp i teksten din.