Farleg å vere journalist
'«Først tok de journalistene. Etter det vet vi ikke hva som skjedde.» Slik startar Anders Hofseth frå NRK sin kommentar om rolla media speler i den internasjonale politikken. I teksten vil du også finne fleire eksempel på at regimer gjer det både vanskeleg og farleg å vere journalist, i tillegg til å gjere det dei kan for å forhindre frie media frå å spreie informasjon ut til resten av verda. Finn ut kvifor ved å lese artikkelen og svare på spørsmåla nedanfor.
Oppgaver
- Før journalisten Jamal Khashoggi vart myrda i Saudi-Arabias ambassade i Tyrkia skreiv han at han ynskja seg eit uavhengig internasjonalt forum for folk i den arabiske verda. Kvifor?
- I 2018 vart 97 journalister drepne i teneste. Artikkelforfattaren skriv at ”det blir også stillere etter dem – ofte er nettopp det poenget”. Kva meiner han?
- I artikkelen møter du den egyptiske journalisten Dahlia Kholaif. Korleis vurderer ho betydninga til internasjonal presse?
- Den libanesisk-amerikanske redaktøren for Beirut report, Habib Battah, har eit anna syn. Korleis skiller det seg frå synet til Dahlia Kholaif?
- Autoritære og totalitære regimer kneblar journalister for å få misbruke makta uforstyrra står det i artikkelen. Kva eksempel blir brukt for å belyse dette?
- I mangelen på frie media kan illegale aviser bli eit alternativ. Kva konsekvensar kan dette få?
- Internasjonale media blir skildra som eit vindauge mot verda som er viktig, også for folk i den vestlege delen av verda. Korleis blir dette grunngitt?