Kva konsekvensar får Brexit?
Fredag 31. januar 2020 gjekk Storbritannia ut av EU. Den britiske delegasjonen måtte forlate kontora sine i Brussel og er ikkje lenger ein del av EU-parlamentet. Fram til utgangen av 2020 vil Storbritannia vere ein del av EU-systemet, men etter dette må ein avtale vere på plass mellom dei to partane.
I den vedlagde kronikken skriv professor i statsvitskap, Bernt Hagtvet, om kva konsekvensar dette får for både Noreg, EU og Storbritannia. Les kronikken og svar på spørsmåla nedanfor.
Oppgåver
- Bernt Hagtvet skriv at i forkant av avstemminga om Brexit i 2016 vart det gjort fatale feil på både britisk og EU si side. Kva var feila?
- I kronikken blir EU omtalt som eit sivilisatorisk bolverk av professor Hagtvet. Korleis grunngir han det?
- Kva konsekvensar får dette for Noreg og kva bør Noreg gjere, i følgje Hagtvet?
- Skriv eit motsvar til kronikken der du både argumenterer mot ei sterkare norsk tilknytning til EU og for at britane gjer rett i å gå ut av EU.